Som fagpersonar er vår viktigaste oppgåve å sikre bærekraftige, pålitelege og haldbare elektriske system. Enten det gjelder å sørge for du kan slå på lyset og nyte ein kopp kaffe om morgonen, eller at fartøy og maskiner kan operere uten avbrudd. Gjennom høg teknisk kompetanse, fleksibilitet og tilgjenge ser vi til at du er påkobla – både på land og til havs. Vi tar utfordringar på strak arm, slik at du kan ha stabil kurs framover.
I over 40 år har vi jobba for å oppretthalde ein god flyt i kvardagen til kundane våre. Små og store verksemder innan ulike bransjar har utfordra oss til å gjere ting vi aldri har gjort før.
Utfordringar som har gjort at vi må tenke nytt, skjerpe sansane og alltid vere oppdaterte for å kome opp med dei beste løysingane. Løysingar og teknologi som bidreg til å ta vare på omgjevnadene våre, og som samstundes kan gje komande generasjonar moglegheiter til eit godt liv.
Mykje har skjedd sidan eldsjel og gründer, Jan Saltkjel, starta familiebedrifta heime i garasjen sin heilt tilbake i 1981. Kona, Sissel Saltkjel, vart tidleg med på laget. Det same gjaldt Kurt, Kjell og endå fleire med dei. Jan sitt store pågangsmot og enorme arbeidsvilje smitta raskt over på oss andre. Etterkvart som oppdraga byrja å strøyma inn, tok det difor ikkje lange tida før vi vart fleire og verksemda vår vaks seg ut av garasjen — og inn i større lokaler i Deknepollen.
Sidan den gang har vi utvikla oss til å bli ei solid bedrift som har bidrege med små og store oppdrag i samfunnet for både privatmarknaden og næringslivet. Her har vi utvikla spesialkompetanse blant anna innan verftsinstallasjonar og maritim elektronikk. I dag er vi i Ulvesund Elektro ein totalleverandør av elektrotekniske tenester, i hovudsak knytt til skipsverft, industri og større bygg, men også privatkundar.
Vi er opptekne av å gje framtidas elektrikarar moglegheita til kompetanseheving ved å ta fagbrev hos oss. Vi har trua på at ein god miks av yngre og eldre menneske, kvinner og menn, og folk frå ulike bakgrunnar er viktig for arbeidsmiljøet, mangfaldet og for å sjå saker frå ulike perspektiv.
Heilt sidan oppstarten vår i 1981 og fram til i dag, har det vore mange som har opna dørene for oss — som har bidrege til å gje oss ei slik innhaldsrik og spanande reise. Likevel har målet vårt halde seg jamnt i over 40 år: for oss handlar det framleis om å sikre nøyaktige, pålitelege og haldbare elektriske system. Slik at vi kan bidra til å oppretthalde ein god flyt i kvardagen til kundane våre.
Selskapet blir stifta av Jan Saltkjel. Oppmøteplass i garasjen i Saltkjelen.
Behov for meir plass til lager og kontor gjer at bedrifta flyttar til nytt lokale i Deknepollen.
Tar over West Products AS og skipar Westcraft AS.
Sel Westcraft AS til lokale investorar. Ny lokalitet i nytt sjølveigd lokale. Omorganiserar etterkvart i eigedom og drift.
Bygg ut med 1000 m2, fleire kontor, nytt lager og verkstad i tillegg til utleige. Geir tar over etter faren Jan som dagleg leiar.
Ståle Sandal blir tilsett første daglege leiar utanom familien. Geir er fagleg leiar og skal bruke meir tid på fag og sal.
Startar med maritim elektronikk og brupultar. Skal levere komplett elektro, elektronikk og brupultar til MS Skår Senior 2021/22 som første båt.
40 år og 40 ansatte